19. oktober 2014

Vaffelhjarte (Den Nationale Scene, Bergen, 18.10.2014)

Det er bra at me har Maria Parr. Ho har berre skrive to bøker så langt, men begge er fabelaktige. Dei kan minna litt om kvarandre, begge har ei sterk og modig jente i hovudrolla (eller ei av hovudrollene), i begge bøkene har ungane nære forhold til langt eldre personar, begge bøkene hentar handlinga frå ein stad så langt ute på bygda at der nesten ikkje er ungar, og begge bøkene handlar om venskap, og usikkerheit knytt til denne venskapen.

Dette poenget er eitt av to som vert forsterka i denne dramatiseringa av Vaffelhjarte. Lena og Trille er bestevener, men Trille er ikkje sikker på om Lena veit det. Han prøver fleire gonger å spørja ho om han er bestevenen hennar, men greier det ikkje. Det andre poenget er ei forsterking av rolla kristendomen spelar i liva deira. Det er ikkje dominerande, det er ikkje slik at stykket prøver å frelsa nokon, men eg kan ikkje hugsa at det var like tydeleg då eg las boka for mange år sidan.

Stykket er finfint. Scenografien er den same gjennom heile stykket; på golvet ligg ein stor plattform, forma som ei vaffel, bak står to gardintrepper, og i bakgrunnen er det nokre sunnmørske alpar. Det fungerer heilt glimrande, også når dei skal til fjells, anten for å sanka sauer, eller - i den kanskje artigaste enkeltscena - når Lena og Trille skrir på akebrett heile vegen ned frå stølen.

Det gode med bøkene til Parr er ikkje berre dei varme forteljingane, det er òg det sprudlande språket, som er fullt av gode ord og uttrykk. Slik er det òg her, her er nok å le av. Det er altså ei flott framsyning, som fenga både vaksne og ungar då me var der.

Guffen tilrår.

Meir Parr på kulturguffebloggen
Tonje Glimmerdal (2009)
Tonje Glimmerdal (DNS, Bergen, 9.4.16)
Keeperen og havet (2017)

1 kommentar:

  1. Hei! Jeg tror jeg er inne på bloggen din for første gang. Det var Tomas Espedal som lokket, men han vil jeg ikke kommentere. Vafelhjarte derimot har jeg lest og elsket, og jeg kan nesten ikke vente til 5 november, når jeg skal sitte midt på rad 3 med mine 3 venninner og se det. (Sånn er det å være kulturkjerringer med årskort) Flott blogg du har, ser du leser mye nynorsk. Jeg er fra Bergen og har nylig kommet over en stor bøyg, og leser mer og mer frivillig nynorsk. Har akkurat avsluttet Agnes Ravatn sin siste bok, og skal til å skrive omtale av den. Ellers liker jeg godt forfattere som Lars Mæhle, Aina Basso og Ruth Lillegraven. Kjekt å bli kjent med deg :)

    SvarSlett