27. juni 2024

Douglas Rushkoff: Survival of the Richest (2022)

Det var ikkje den aller lystigaste lesinga, dette. Rushkoff, professor i media-teori og digital økonomi (fritt omsett), skriv om korleis verda er på veg utfor stupet. Mange av grunnane han nemner er velkjende, men han konsentrerer om éin ny ein, i alle fall ny for meg: Dei ekstremt rike er klare over at den økonomiske veksten og velstanden for nokre få er livsfarleg for folk flest. Dette bryr dei seg mindre om, og prøver heller å finna måtar dei og velstanden deira kan veksa, samstundes som dei har ein backup-plan når alt tippar over.

Det verkar nesten som rein fantasi, og det er òg argumentet han ofte vert møtt med når han snakkar med økonomar. Men det han skildrar har jo skjedd. Boka opnar med at han reiser til ein stad langt ute i ørkenen. Han trur han er invitert til å snakka til ei stor forsamling, men han møter berre fem personar. Fem velståande personar, som ville ha tips frå Rushkoff. Kvar er sjansen størst for å overleva klima-katastrofa? Kva kan og bør dei gjera for å greia seg? Osb.

Ei tankevekkande bok. Det er ikkje alltid like lett å halda følgje med tankespranga hans, og nokre av kapitla verkar litt mindre relevante. Men han kjem med kraftige oppmodingar til slutt: Gjer noko. Gå vekk frå tankane om økonomisk vekst; det er dei som har ført oss, og som fører oss, på ville vegar. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar