19. januar 2024

Oppsynsmannen (2024)

Bård Tufte Johansen lagar vanlegvis lystige fjernsynsprogram, men slik er det ikkje denne gongen. Han reiser rundt i landet for å finna ut kva me gjer med naturen vår, og det er stort sett nedslåande ting han kjem over. 

Store naturområde vert fjerna for at det skal koma ulike verksemder. Enorme naturområde vert fjerna for at Google kanskje skal koma til landet. Ei øy vert omtrent sprengt vekk, for at ein lakseoppdrettar skal prøva med eit anlegg utan direkte kontakt med havet. Det trengst for så vidt - ein annan stad viser ein fiskar korleis torsken i fjorden vert misdanna etter å ha vore i kontakt med rømt oppdrettslaks. Og så bortetter. 

Han møter folk som yter motstand. Nokre har protestert mot dei ekstreme hytteutbyggingane. Nokre fører myrer tilbake til myr. Nokre demonstrerer. Det er gledeleg og imponerande, men det hjelper diverre lite. Me er jo eit land der gode tankar vert lagt til sides viss nokon kan tena pengar. Og då kan Tufte Johansen smila og le og vitsa litt med dei han møter, men det er likevel ein heller trist serie. Han kunne nok vore meir kritisk i møta med dei verste, men samstundes er han jo òg open på at han har eit forbruk langt over snittet.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar