11. august 2022

Trainwreck. Woodstock '99 (2022)

Dette gjekk ikkje heilt etter planen. Michael Lang, som hadde hovudansvaret for den opphavlege Woodstock-festivalen i 1969, arrangerte ein ny festival i 1999. Før festivalen snakka han om å gjenskapa stemninga frå 1969, han snakka om at festivalen kunne verta eit klart signal om at det vart brukt altfor mange handvåpen i det amerikanske samfunnet, og så bortetter. Slik gjekk det altså ikkje. Her er ikkje mange spor av arven frå 1969.

Publikum var heilt annleis. I 1969 var det stort sett rolege hippiar, i 1999 var (det mannlege) publikummet langt meir macho. Godt trente kroppar, mykje drikking og dop, og eit forferdeleg kvinnesyn. Stakkars jenter og kvinner som var til stades - dei var fritt vilt. Festivalen hadde ingen vakter, og det er nesten utruleg at det ikkje vart meldt om fleire enn fire-fem valdtekter. 

Også andre sider av festivalen var dårleg. Det var ikkje nok toalett, det var ingen stader å søkja ly for den steikande sola, og det var altfor dyrt å kjøpa mat og drikke. Teltforholda var heller ikkje optimale - festivalen vart arrangert i ein nedlagt militærleir, slik at mange måtte telta på asfalt. 

Slik sett fekk arrangørane det dei bad om: Red Hot Chili Peppers avslutta festivalen, og mot slutten av settet deira vart det delt ut tusenvis av stearinlys. Det passa bra under "Under the Bridge", som var den siste songen deira. Det hadde gått heftige rykte om at festivalen skulle avsluttast med ein ukjend gjestartist, men ingen dukka opp, i staden vart det lese opp ei melding der arrangørane takka for no. Det vart dårleg motteke, og sidan alle nepene hadde tente lys i hendene gjekk det som det måtte: Dei sette fyr på alt dei fann. Chili Peppers vart bedne om å gå på scena igjen, for å prøva å roa publikum ned, men det fungerte i alle fall ikkje: Dei spelte ein heftig versjon av Hendrix-songen "Fire". Resten av natta vart festivalområdet herpa totalt.

Og alt dette fortel serien om på ein god måte. Der er i tillegg litt musikk, sjølvsagt, men det kjem heilt i bakgrunnen, og det er berre nokre få av artistane som vert viste.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar