5. august 2022

Annie Ernaux: Far. En kvinne (2021)

Denne boka er sett saman av to bøker, Far (1983) og En kvinne (1987). Ernaux skriv om dei to foreldra sine. Heilt til slutt i den siste boka skriv ho at boka ikkje er ein biografi, og heller ikkje ein roman - kanskje det heller er ei blanding av skjønnlitteratur, sosiologi og historie. Det verkar fornuftig, med det vesle atterhaldet at det sjølvsagt òg er noko biografisk (og sjølvbiografisk) over begge bøkene.

Ernaux er fødd i 1940, og gjorde det me godt kan kalla ei klassereise. Foreldra hennar var vanlege arbeidarar; sjølv utdanna ho seg til lærar og studerte òg litteratur på universitetsnivå. Dette var ein kime til konflikt mellom ho og foreldra - spesielt faren ser ut til å undra seg over/irritert seg over at dottera las så mykje.

Foreldra hennar kom frå arbeidarklassen. Etter andre verdskrigen kjøpte dei eit hus der dei dreiv butikk og kafé, og dei la ned mykje arbeid for å få det godt til. Det ser det òg ut til at dei gjorde, fram til den litt strenge faren døydde. Då hadde Ernaux alt flytta heimefrå, og ei tid flytta mora etter. Dottera hadde eit mykje betre og nærare forhold til mora, men det fungerte likevel ikkje så godt at dei budde saman.

Det er to finfine tekstar. Ernaux sløsar ikkje med orda, dei to bøkene er på til saman 140 sider, men det er uvanleg innhaldsrik litteratur. Ho seier det som må seiast, og ikkje meir enn det. Her er varme, her er undring, og her er òg gode refleksjonar over hennar eigen skriveprosess.

Guffen tilrår.

Meir Ernaux på kulturguffebloggen
Hendelsen (2000)
Årene (2008)
Sommeren 58 (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar