9. august 2022

Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)

Landslaget for norskundervising, LNU, har ein skriftserie retta mot lærarar og studentar. Av og til, som i dette tilfellet, handlar det om forfattarar, andre gonger handlar det om heilt andre sider ved norskfaget. Boka handlar i sin heilskap om Halldis Moren Vesaas.

Her er tretten artiklar, fordelte på tre bolkar: Forfattaren, oversetjaren og teatermennesket, og musikk og film. Den fyrste delen, som i hovudsak handlar om lyrikaren HMV, er den lengste. Leif Mæhle skriv godt i innføringsartikkelen. Så kjem det nokre artiklar som ikkje fengar like mykje, før det kjem eit blinkskot: Mari Beinset Waagaard skriv om HMV og NRK-programmet "Ønskediktet", der ho i stor grad siterer frå brev frå lyttarar som vil høyra dikt av HMV. Fleire av dei er uvanleg rørande, og viser kva styrke som kan liggja i gode dikt.

Bolk 2 handlar om teateret, og denne er stort sett glitrande. HMV var nært knytt til Det Norske Teatret, og omsette mange klassikarar (og andre stykke) for dei. Denne bolken lever, og her er òg ein samtale mellom HMV og Ole Karlsen om forholdet ho hadde til teater. Ho får ikkje berre skryt, og i ein kort (og litt rar) artikkel av Hans H. Skei fekk eg inntrykk av at han meinte HMV var ein omsetjar heilt på det jamne.

I den siste bolken fortel Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen om arbeidet med å setja musikk til HMV-dikt - ein grei artikkel som nok hadde vore betre med musikk til. Så sluttar det heile med at René Bjerke fortel om filmen Møte med Halldis. Den såg eg då kino då han kom, eg har sett han éin gong seinare òg, men kjenner at det er ein film eg må finna igjen, ein eller annan stad.

Guffen tilrår. 

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar