14. august 2022

Under the Banner of Heaven (2022)

Denne serien er laust basert på ei fin bok av Jon Krakauer. Den boka er todelt - han fortel historia til mormonarane, og han fortel om eit dobbeltmord i Utah i 1984. Det som står i boka går eg ut frå er korrekt, medan i serien er ting litt endra. Og det må vera heilt greitt.

Her er den oppdikta etterforskaren Jeb Pyre hovudpersonen. Saman med kollegaen sin, Bill Taba, vert han sett til å løysa eit brutalt dobbeltmord. Den unge kvinna Brenda Lafferty og den femten månader gamle dotter hennar vert funne drepne. Dei trur at mannen/faren er den skuldige, men det vert gradvis klart at han er uskuldig. Derimot luktar det at minst to av brørne hans er innblanda. Lafferty-familien er mormonar, og dei to brørne har dei siste åra vore på veg inn i den mest fundamentaliske delen av den trua. Dei vil gjerne ta seg fleire koner, og dei vil i alle fall at kvinner skal teia i forsamlingar, og gjera slik mennene deira vil. Det sleit Brenda med å godta. Den eine av dei to brørne hevda at han fekk beskjed frå guden sin om at Brenda og dottera (og fleire) måtte drepast.

Det er her Pyre slit. Han er mormon, men av det meir moderate slaget. Han vert uvel av å høyra om fundamentalistane, men kjem òg i ein lojalitets-skvis. Fleire av dei mest mektige mennene i kyrkja bed han om å leggja vekk etterforskinga, sidan det kan føra til at kyrkja deira får dårleg omtale.

Det er ein fin serie. Det er spanande heile vegen, og av og til er det noko twinpeaksk over det heile. Kameraet kjem ofte svært tett på dei me ser, slik at det av og til vert klaustrofobisk.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into the Wild (1996)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar