15. desember 2019

W. Mathieu Williams: Through Norway With a Knapsack (1859)

Briten Williams reiste gjennom Noreg to månader i 1858. Han kom med båt til Christiania, reiste (i hovudsak) til fots til Trondheim, med båt til Hammerfest og tilbake til Trondheim, og deretter (i hovudsak) til fots sørover på Vestlandet til Røldal, og vidare austover attende til Christiania. I denne boka (som eg las i norsk omsetjing frå 1965, med tittelen Til fots i Norge for hundre år siden) fortel han detaljert om turen.

Noreg var ikkje akkurat eit kjent ferieland for reiselystne britar. Han har med seg ein reiseguide, men klagar rett som det er over feil og manglar i den. Denne boka kan godt ha vore tenkt som ei forbetring av eldre guidarhan skriv i alle fall mykje om prisar og slikt.

Nokon stor skribent er han ikkje, det framstår i alle fall ikkje sånn i den norske omsetjinga. Det heile er òg prega av meir eller mindre vanlege haldningar på 1800-talet. Han kan gjerne ordleggja seg positivt om dei han møter, men det skin ofte gjennom at Noreg ikkje er like utvikla som Storbritannia. Han er til dømes nesten alltid misnøgd med maten, og spesielt grauten han får servert overalt - det omtalar han etter kvart som sement. Eit par stader kjem han med frenologiske vurderingar av folk, og det er jo ikkje spesielt sympatisk.

Men han finn òg mykje å gle seg over. Han ser mykje god natur, han er imponert over korleis folk greier å leva der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og han storkosar seg når han som ein av dei fyrste utlendingane får sjå Skjeggedalsfossen og Tyssefaldene i Hardanger. Så det var heilt greitt å vera med på denne turen, sjølv om det tidvis var vanskeleg å finna ut kva rute han reiste.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar