18. desember 2019

Brett Anderson: Coal Black Mornings (2018)

Det var ein litt rar veg til denne boka: Eg slumpa til å kjøpa ei heilt fersk bok av Brett Anderson, og då eg fekk ho i hus viste det seg at det var ein oppfølgar til denne. Då var det ingen veg utanom. og det var bra: Denne boka var langt, langt betre enn eg hadde grunn til å tru.

Anderson var og er vokalist i Suede. Dei platedebuterte i 1993, og vart raskt eitt av dei største banda i Storbritannia. Sjølv hadde eg aldri heilt sansen - ein god song der og ein god song der. Den einaste plata deira eg har er Coming Up, og eg såg dei i Bergen same året den kom ut, i 1996. Det har alltid vore underhaldande å lesa intervju med Anderson - sjølv om han tidvis kan vera litt vel arrogant, er han flink med ord.

Og det er akkurat det som gjer denne boka så finfin. Ho er uvanleg velskriven, med gode, flytande og fengande setningar. Det kan godt henda at songtekstane til Anderson er betre enn eg hugsar dei, men det var overraskande at han skriv så bra.

Dette er altså del 1 av ein sjølvbiografi. Boka sluttar då Suede får platekontrakt. Det er altså ei happy ending til denne delan av livet hans, men det har vore fleire nedturar enn oppturar før det. Han vaks opp i ein familie som ikkje fungerte heilt perfekt, med ein far som levde opp til ei gamaldags farsrolle, og ei mor som gjorde det ho kunne for å halda det heile saman. Anderson fann glede i musikken, flytta til Manchester og London (og ein del andre stader), han vart kjend med likesinna, og forma Suede saman med bassisten Mat Osman og gitaristen Justine Frischmann. Frischmann og Anderson var sambuarar fram til ho vart saman med Damon Albarn i Blur. Anderson skriv varmt og respektfullt om det tapet, men det er tydeleg at det gjorde svært vondt. Overraskande nok var Frischmann med i Suede eit halvt år etter at dei flytta frå kvarandre, og mange av dei nye songane Anderson skreiv det halve året handla om det han hadde mist.

Guffen tilrår.

Meir Anderson på kulturguffebloggen
Afternoons With the Blinds Drawn (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar