25. desember 2019

Carl Frode Tiller: Kven er redd? (2015)

Eg skal ikkje lyga på meg stor innsikt i skodespelhistoria, men likevel: Det kan ikkje vera mange skodespel som viser fram meir dysfunksjonelle forhold enn hjå det eine paret i Who's Afraid of Virginia Woolf av Edward Albee. Tiller skildrar eit anna forhold som ikkje fungerer heilt i Kven er redd?, og han legg ikkje skjul på slektskapen med stykket til Albee. Tittelen er rimeleg identisk, og hovudpersonen i stykket er ein skodespelar som driv og øver inn ... Virginia Woolf.

Bjørn og Ingvild har to born, Odin og Sara. I tillegg til desse er foreldra hennar og far hans ofte innom. Dei kritiserer kvarandre, dei baktalar kvarandre, han toler ikkje dei velståande foreldra hennar, korkje han eller ho liker den høgrevridde faren hans. Ingvild har halvveges lova faren å flytta til heimbygda si for å ta over firmaet hans; Bjørn har ikkje lyst til det. Sara er 16 år gamal og gravid; Odin er naturvernar som ikkje likar at bestefaren er vorten rik på oppdrettslaks. Og så vidare.

Det er så mange konfliktliner at det nesten vert i meste laget, men berre nesten. Her er uventa mykje å smila (og kanskje le) av. Tiller har alltid vore god på replikkar, og her fungerer det veldig godt. Skodespelet vart sett opp på Det Norske Teatret - den framsyninga såg eg aldri, men med dei rette skodespelarane trur eg at dette kunne vorte rimeleg artig.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar