24. desember 2019

Nils Henrik Smith: Manhattan Skyline (2007)

Me møter Aksel Eriksen, hovudpersonen i denne romanen, i to livsfasar. I nokre kapittel er han student på rund tjue år, i andre kapittel er han ti år eldre og lovande doktorgradsstipendiat. Romanen opnar med terroråtaka i USA i september 2001, og denne hendinga pregar Eriksen meir enn han er klar over.

Som trettiåring er ikkje Eriksen heilt trygg på seg sjølv. Han har nett mist mora, og sjølv om han er svært kunnskapsrik er han ikkje heilt trygg på seg sjølv, fagleg sett. Han er ikkje nøgd med samtalane han prøver å halda gåande under førelesingane sine, og er òg høgst usikker på korleis det vil gå når han skal halda seminarinnlegg langt inne i dei svenske skogane (det gjekk bra).

Etter at mora døydde har han mist endå eit haldepunkt i tilveret. Han kjem i kontakt med eit mystisk undergrunnsnettverk. Det kjem ikkje klart fram kva side dette nettverket held med, og romanen sluttar før han nokon gong møter personen eller personane i mellom-Europa som skal hjelpa han med å forsvinna.

Smith skriv svært godt. Han bruker rytmen i språket på ein fin måte, der avsnitt med korte og knappe setningar vert avløyste av avsnitt med lange, flytande setningar. Han har òg full kontroll på ulike tekstformer - dialogane hans er like gode som dei lange avsnitta der Eriksen snakkar så skriftleg om avhandlinga si at dei kunne vore henta frå ei, vel, avhandling.

Guffen tilrår.

Meir Smith på kulturguffebloggen
Austerrike (2009)
Se ilden lyse over jord (2014)
11 meter (2020)
Entusiasme og raseri (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar