27. april 2019

American Dynasties: The Kennedys (2018)

Det kan ikkje vera mange familiar/slekter der det var så kort mellom suksess og tragedie, og der det var så mange tragiske hendingar. I 1884 vart Patrick Joseph Kennedy valt inn i senatet i Masschusetts. Sonen Joseph Patrick Kennedy var høgt oppe i det demokratiske partiet, var ambassadør i Storbritannina då andre verdskrigen braut ut, og kom då med nokre uttalar som gjorde at han trekte seg ut av politikken.

Han overførte eigne politiske ambisjonar til dei fire sønene sine, og sjølv om tre av dei gjorde det godt som politikarar, kom tragediane tett. Den eldste, Joseph jr., var flygar i flyvåpenet, og miste livet i teneste i 1944. Nummer to, John F. Kennedy, vart skoten i 1963, etter å ha vore president sidan 1961. Den neste, Robert, var justisminister då broren var president. Han var på god veg til å verta nominert som presidentkandidat då han vart skoten i 1968. Den yngste, Edward, vart etter kvart ein stor politikar og demagog, men to ting hindra han frå å verta president: I 1969 køyrde han på ein aude veg saman med ei ung kvinne, truleg for å finna ein stad dei kunne vera i fred. Han køyrde av vegen, og rømde frå ulukka. Han melde ikkje frå før dagen etter, og kvinna vart funnen død. Dette vitna om dårleg handlekraft i vanskelege situasjonar (og det kan henda at han var påverka av alkohol då han køyrde). Han prøvde likevel å verta kandidat i 1980, men fall heilt gjennom i eit fjernsynsintervju.

Det er dei tre siste av desse brørne som får mest plass i serien, men det handlar òg om faren. Og om syster deira, som vart lobotomert. Om mora og konene, som måtte finna seg i at dei fleste mennene gjorde som dei ville med andre kvinner. Om neste generasjon, der spesielt sonen til presidenten, også kalla John F., kunne gjort det bra - hadde det ikkje vore for at han miste livet i ei flyulukke i 1999.

Serien er heilt grei, i alle fall som ein introduksjon til alt dette. Spesielt djupt går ikkje serien, men han vekslar godt mellom arkivklipp, nye intervju med familiemedlemmar, og med forfattarar, akademikarar og journalistar.

Guffen tilrår.

Meir Kennedy på kulturguffebloggen
JFK (film, 1991)
Gerald Posner: Case Closed (1993)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar