20. april 2026

Rainer Maria Rilke: Brev til ein ung diktar (1929)

Frå 1903 til 1908 sende forfattaren Rainer Maria Rilke fleire brev til Franz Savus Kappus. Kappus var åtte år yngre enn Rilke, og han hadde òg forfattarambisjonar. Han sende dikt til Rilke, og dei neste åra var dei altså (sporadiske) brevvener. Viss eg forstår det rett, inneheld denne boka dei ti breva Rilke sende. Dei er korte, og boka er dermed rimeleg kort - medrekna merknadene til omsetjaren Åsmund Bjørnstad er boka på berre 60 sider. 

Men, som me veit, det er ikkje alltid storleiken det kjem an på. Breva er nesten frie for tomprat; det verkar som om Rilke ser kven Kappus er, og han skriv mykje og godt om det å skriva, og om det å vera kunstnar. Spesielt dei fyrste fire-fem breva er gode, men dei resterande held òg eit akseptabelt nivå. Merknadene til Bjørnstad står samla til slutt, men dei kunne godt vore trykt etter kvart brev. Hovudtyngda i merknadene ligg på biografiske fakta - kvar var Rilke då breva vart skrivne, kven var han saman med og kva arbeidde han med, osb.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar