I ein epigraf til ein dei mange Marx Brothers-biografiane eg har står det noko slikt som at det har aldri vore skrive ei morosam bok om ein morosam mann. Det er ikkje heilt rett, den nemnde biografien er eit døme på at det absolutt går an. Det gjer sjølvsagt ingenting om ei bok om ein stor komikar er seriøs eller køddande, men det er ein ting som er verre, og det gjeld kanskje alle bøker: Dei bør ikkje prøva å vera morosame, utan å greia det.
Det er tilfellet her. Robert Ross er verkeleg ikkje nokon stor skribent, sjølv om han på omslaget omtalar seg sjølv som "Britain's comedy historian". Vitsane hans fell på steingrunn, og språket i seg sjølv er livlaust, rart og ikkje spesielt spanande.
Terry Jones hadde fortent noko mykje betre. Han var ein av dei seks i Monty Python, og det var han som regisserte filmane deira. Han skreiv mykje, både for vaksne og born; kunnskapane hans om mellomalderen var langt over snittet; og ikkje minst - han forstod humor. Han visste kva som fungerte, og han visste kva som ikkje fungerte. Som medlem i Monty Python var han med på å vidareutvikla humor, og filmane er jo framleis verdt å sjå.
Difor er det altså dumt at Ross ikkje får det betre fram. Han er glad i å stikka seg sjølv fram, han nemner fleire gonger at han kjende Jones godt, og kanskje det er det som gjer at han er altfor, altfor lite kritisk. Same kva Jones gjer, anten det handlar om korleis han handsama folk eller om kor mykje han drakk, er biografen heile tida på Jones sitt lag.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar