27. april 2026

Kitty Kelley: His Way: The Unauthorized Biography of Frank Sinatra (1986)

Ein skal ikkje lesa lenge i denne boka før ein forstår at dette er ein u-autorisert biografi, slik tittelen fortel. Det er lett å forstå at Sinatra prøvde å stoppa utgjevinga, for det Kelley er mest på leiting etter er skandalar. Ho fortel korleis Sinatra handsama folk rundt seg, korleis han alltid skulle bestemma alt, korleis han kunne få raserianfall der han ofte vart valdeleg, korleis han kunne skjella ut fans som ville ha autografen hans, osb. Han var gift fire gonger og vart skilt tre, men det at han var gift hindra han ikkje frå å gå til sengs med så mange damer som råd. Osb.

Kelley fortel òg om oppturar på plate og på filmlerret, og ho fortel om at han kunne gje rause gåver til folk og institusjonar som fortente det. Ho dvelar likevel ikkje lenge ved dette, men finn heller måtar å kopla suksessane hans til juks og fanteri. 

Ofte handlar dette fanteriet om forholdet hans til mafiaen. Han fekk hjelp av dei på mange vis, og var ofte inne til avhøyr. Her nekta han for alt, sjølvsagt. Akkurat her viste Kelly stort mot; ho fortel ofte om korleis Sinatra fekk nokon til å ta seg av dei som hadde skrive negativt om han.

Det er for så vidt ei underhaldande bok, sjølv om vinklinga hennar er rar. Me må gå ut frå at det ho skriv stemmer, viss det var direkte feil ville ho nok vorte saksøkt og vel så det.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar