11. november 2023

Matias Faldbakken: Vi er fem (2019)

Det er kjekt med bøker der handlinga tek uventa vendingar, og slik er det absolutt her. Hovudpersonen, Tormod, har to born saman med kona Siv. Dei bur eit godt stykke nord for Oslo, og vert ikkje heilt samde om dei skal ha eitt born tid. Kompromisset vert ein hund, men Snusken forsvinn etter ei tid. Tormod trekkjer seg tilbake til verkstaden, der han leiker med raudleire og kunstgjødning. 

Der og då vart det høgst uklart kvar vegen vidare skulle gå. Dei kjemiske blandingane gav meg assosiasjonar til terroristen frå 2011, men heldigvis er det ikkje heilt den vegen me skal. Tormod skapar likevel eit monster, som ei tid skapar uhygge i nabolaget.

Boka er godt bygd opp, og Faldbakken skriv konsist og godt. Det er korte setningar, han sløser ikkje med orda, og det er med på å driva forteljinga framover. Her er òg ting å humra over. Boka var underhaldande og grei å lesa, sjølv om eg ikkje er altfor glad i, ja, fantasy eller science fiction.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar