12. november 2023

Joe Hagan: Sticky Fingers (2017)

Denne biografien handlar om Jann Wenner, som fyrst og fremst er kjent som grunnleggjar og redaktør av det amerikanske musikkbladet Rolling Stone. I gamle dagar las eg jamleg musikkblad og -aviser, og det hende eg las Rolling Stone. Dei kunne ha gode og grundige intervju med artistar eller andre, men i det store og heile var det eit keisamt blad. Det var litt for etablert.

Det var truleg òg målet til Wenner. Musikken var viktig for han, men det var like viktig å verta rik og vidkjent. Bladet kom fyrste gong ut i 1967, og etter nokre vanskelege økonomiske år gjekk det langt betre frå tidleg i 1970-åra. For Wenner var dette stas, og denne boka viser at han var langt meir oppteken av å møta kjendisar, og å leva like rikt og fritt som dei. Dyre feriar, dyre vanar, lange skiferiar, osb. Det handlar mykje om sex, drugs og rock'n'roll, og dei to fyrste er langt viktigare enn musikken.

Wenner kjem ikkje spesielt godt ut av denne boka. Det var han som tinga biografien, og det skal han ha: Han gav Hagan frie tøylar. Hagan fekk tilgang til heile arkivet til Wenner, og han har òg intervjua Wenner (og veldig mange andre). Wenner er einerådig, han er lojal så lenge han treng å vera det, og han gjer det han kan for å vera på god fot med kjendisane. Dårlege plater frå store artistar (som Dylan eller The Rolling Stones) fekk heile tida rosande omtale; gjerne meldingar skrivne av Wenner sjølv. Andre gonger var pengane viktigare: I 1970 fekk Wenner eit langt intervju med Lennon, på vilkår av at det berre vart trykt i Rolling Stone og ikkje i bokform. Wenner gav det ut som bok likevel, etter at eit forlag kom med eit raust tilbod. Fram til dess var Lennon og Wenner på god talefot; frå 1971 snakka Lennon aldri med Wenner. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar