11. november 2023

Klar til strid (2023)

Eg låg heime med korona nokre dagar, og såg meg gjennom denne serien på NRK. Premisset er enkelt og greitt - me følgjer nokre rekruttar gjennom fyrstegangstenesta. Dei er stasjonerte ved Setermoen i Troms, og kjem frå heile landet. Nokre er jenter; dei fleste av gutar.

Det er sjølvsagt uråd å sjå serien utan militærnektar-brillene mine. Eg er framleis uvanleg glad for at eg kunne ha sivilteneste. Slik er det ikkje i dag, diverre, no er det slik at dei som vert kalla inn må i militæret. For meg ville det vore heilt uaktuelt. Dei lærer sjølvsagt mykje rart, men det grunnleggjande er at dei skal vera budde på å ta liv (og eventuelt ofra sitt eige). 

Dette er altså grunnleggjande, men dette poenget kjem likevel litt overraskande på nokre av soldatane. I ein av dei siste episodane vert alle samla i eit auditorium, der dei får beskjed om at Russland har invadert Ukraina. Han som snakkar gjer det klart at sjølv om sjansen er liten for at nokre i salen vert sende til krigen, står Noreg saman med Ukraina. Ingen veit kva som vil skje dei neste månadene. Nokre soldatar verkar sjokkerte - dei er ikkje klare for dette.

Serien er god. Eg kan ikkje vera sikker, men eg reknar med at han gjev eit nokolunde rett bilete av korleis det er å vera i militæret. Mykje er kjekt, mykje er eit slit. Du møter mange kjekke folk, men du møter òg befal som er altfor, altfor strenge. Nokre taklar det, andre slit litt meir. 

Serien sluttar med at dei reiser kvar til sitt. Dei snakkar om kor fint dei har hatt det, korleis dei har utvikla seg, og korleis dette har vore eit år som ein må oppleva for å forstå det. Det er altså det same som folkehøgskuleelevar seier når skuleåret deira er over, og rådet mitt er klart: Gå heller på folkehøgskule.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar