24. juni 2023

Tone Wikborg: Gustav Vigeland. En biografi (2001)

Alle kjenner namnet hans, men eg trur ikkje det er mange som veit mykje om livet hans. Eg har vel plukka opp små hint histen og pisten, men i det aller meste i denne boka var nytt for meg. Og det er ikkje berre av di boka er svært detaljert.

Wikborg arbeidde ved Vigeland-museet i tretti år, og ho kjenner såleis emnet sitt godt. Ho fortel om oppvekst, om opprør, om kampen for å etablera seg som kunstnar, om privatliv, osb. Vigeland var ein stor kunstnar, og han var rimeleg kompromisslaus - både når det galdt kunsten og i privatlivet. Det siste fyrst: Det var han som bestemte alt i heimen, same kven han budde med. Han var gift to gonger, og begge ekteskapa braut saman av di han fann seg ei yngre (evt. endå yngre) kvinne. Det same skjedde i eit langt sambuarskap mellom ekteskapa. 

Som kunstnar er han sjølvsagt best kjend for Vigeland-parken. Her var han òg knallhard i forhandlingar. Fontena som står (rimeleg) sentralt i parken skulle opphavleg stå andre stader, men han greidde (saman med nokre gode hjelparar) å få lov til å laga ein enorm park, der fontena til slutt vart montert. Tvers over vegen fekk han sett opp eit atelier, der han hadde ein leilegheit i andre høgda. Huset vart gjeve til Oslo kommune etter at han døydde. Parken er rimeleg unik i Europa - det finst visst ingen andre døme på at ein kunstnar har fått forma eit så stort område som han vil.

Boka er eksemplarisk. Wikborg har full kontroll på stoffet sitt, og sjølv om ho er sympatisk innstilt til Vigeland er ho ikkje redd for å vera kritisk. Dei mange og flotte illustrasjonane er med på å heva boka.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar