26. juni 2023

Richard Balls: Sex & Drugs & Rock'n'Roll. The Life of Ian Dury (2011)

Denne boka kom fyrst ut i 2000, året Ian Dury døydde. Denne utgåva er oppdatert med to kapittel, som vel ikkje tilfører boka noko anna enn å visa at interessa for Dury heldt seg stor lenge etter at han var død.

Eg høyrde ein del på Ian Dury and the Blockheads i gamle dagar. Eg minnest nokre gode singlar og ein nokolunde god LP, Do It Yourself. Om lag der stoppa kunnskapen min, så slik sett var det mykje nytt i denne boka. Balls har snakka med enormt mange, og han har gravd i gamle aviser og funne mykje stoff. Litt for mykje, truleg - i alle fall burde han vore flinkare til å redigera. Boka flyt fint og godt fram til midt i 1980-åra, deretter burde han ha kutta mykje. Det er til dømes ikkje nødvendig å skriva lange avsnitt om alle filmane Dury hadde nokre minimale biroller i.

Men den fyrste delen av boka svingar. Dury kom frå ein litt ustabil heim, og livet vart endå meir ustabilt då han fekk polio som tolvåring. Han budde på nokre heimar for sjuke born/ungdomar, og det livet kan ikkje ha vore spesielt lett. Så tok musikken hans, sjølv om han ikkje var spesielt musikalsk eller var spesielt flink til å syngja. Han skreiv glitrande tekstar, og skal ha vore stor på scena. 

Han kunne vera enormt sjarmerande, men var òg ofte ein stor drittsekk. Han var sjefen i bandet, både i Kilburn and the High Roads og i Ian Dury and the Blockheads. Folk vart sparka rett som det var, og ein av grunnane til at dei gjekk frå kvarandre tidleg i 1980-åra var at dei andre var lei av humørsvingingane hans.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar