15. januar 2022

Jorda rundt på 80 dagar (2021)

 

Dette var fornøyeleg. Eg las romanen til Jules Verne for veldig lenge sidan, og Halldis (10) og eg prøvde oss på han for nokre år sidan. Då stoppa me opp ein gong midt i, men både ho og eg likte det me såg her, så me plukkar nok opp att boka.

Ein av grunnane til at me gjer det, er for å finna ut korleis forteljinga til Verne eigentleg var. Dei som laga denne serien har triksa og miksa litt (og det kan dei sjølvsagt gjera, så lenge dei er opne om det). Akkurat kor store endringane er veit eg ikkje, men her er dei tre som reiser heile vegen - i boka er det vel berre to som legg ut.

Men i alle fall: Den litt stive og forsiktige og velståande engelskmannen Phileas Fogg les i avisa at no skal det vera råd å reisa rundt jorda på 80 dagar. Han og venen Bellamy inngår eit veddemål om at Fogg skal greia det. Fogg får med seg hjelparen Passepartout, og den ivrige journalisten Abigail Fix vert òg med. Det går over stokk og stein, dels av di Bellamy har ein hjelpar som gjer det han kan for å stoppa Fogg. Utan hjelparane sine hadde ikkje Fogg greidd det, sjølv om det vert litt meir fart i han etter kvart.

I kvar av dei åtte episodane er det (stort sett) berre éi hending. Me får ikkje sjå alt som skjer mellom episodane, men me får sjå korleis banda mot dei vert sterkare, veikare, og sterkare igjen. Me ser etter kvart at Fogg ber på store løyndomar, og at han gjerne skulle ha gjort ting annleis i livet sitt. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar