25. januar 2022

Paul Auster: Groundwork. Autobiographical Writings 1979-2012 (2020)

I dette bandet har Auster samla tekstar han reknar som reint sjølvbiografiske. Nokre av dei har vore gitt ut som eigne bøker før, og eg har tidlegare skrive om The Invention of Solitide, Winter Journal og Report From the Interior, som alle er med her. Det som står att er fem kapittel (i mangel av eit betre ord), der fire av dei har ei rimeleg lik form. Eg har lese nokre av dei før.

Dei fire kapitla er alle sette saman av korte tekstar, der Auster fortel om kor tilfeldig livet kan vera. Dei som har lese litt av Auster veit at det ofte er tilfeldigheitar som styrer handlinga i bøkene hans, og når ein les tekstane i denne boka er det påfallande kor mange tilfeldige og utrulege ting han har høyrt og opplevd. Som at han har punktert med bil fire gonger, og at han kvar gong var saman med den same kameraten i bilen. Som at syster til kona hans budde i Kina, der ho kom i snakk med ei anna amerikansk kvinne, og der det viste seg at syster til ho eine var nærmaste nabo til systera til den andre. Som at far til ei tjekkisk kvinne forsvann mot slutten av andre verdskrigen, og at det seinare viste seg at han hadde slege seg ned i Tyskland for å starta eit nytt liv, og der han fekk ein son som gifta seg med den tsjekkiske kvinna.

Det femte kapitlet, "Hand to Mouth", fortel meir om Auster. Fram til han var 35 levde han eit omflakkande liv, Han hadde tidleg bestemt seg for å verta forfattar, og alt han hadde av jobbar var berre ein måte å tena pengar til han fekk selt manuskripta sine. Han bur i Frankrike, han arbeider til sjøs, han har ulike småjobbar, han studerer, han arbeider for ein som sel sjeldne trykk, der han slumpa til å møta John Lennon ("Hi, I'm John". "Hi, I'm Paul".)

Det er finfine tekstar heile vegen, og det er mykje som imponerer. Språket er midt i blinken, og Auster veit òg veldig godt korleis han skal byggja opp tekstane sine. Det er òg fint korleis han av og til fortel ting frå eige liv som seinare har dukka opp i bøkene hans, utan at han gjer noko nummer av det her.

Guffen tilrår.  

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar