22. februar 2020

Johan Borgen: Lillelord (1955)

Lillelord, som eigentleg heiter Wilfred Sagen, er ein bortskjemt gut frå beste vestkant i Kristiania. Han er skuleflink (når han orkar), og han er ein habil pianist. Han lærer mykje kunsthistorie, og veit meir enn dei andre ungane på skulen. Han veks opp tidleg på 1900-talet, og er einebarn og farlaus. Mora og andre slektningar gjer omtrent det han vil, og det veit han å gjera seg nytte av. Han manipulerer dei, han lyg og diktar, men kjem (stort sett) ned på beina. Av og til reiser han til austkanten for å lura ungane der med på midnre brotsverk, og han er i det heile ein unge det er vanskeleg å lika.

Boka har tre delar, som grovt sett ser slik ut: I den fyrste delen vert me kjende med livet hans i Kristiania. I den andre delen er me stort sett på sommarferie på ei øy, der Wilfred reddar livet til ein annan gut, og der han etter å ha vore i Kristiania reiser tilbake til øya, der han nesten frys i hel. I siste del er han stum og veik, men etter eit besøk hjå ein psykolog i Wien (som er namnlaus, men som truleg er basert på Freud) kviknar han til att.

Det er ei fin bok. Borgen skriv godt, og romanen er fint oppbygd. Wilfred er på leit etter eigen identitet, han tenkjer mykje på kven den avdøde faren var og korleis det ville vore å kjenna han. Han går òg gjennom puberteten, med alt det fører med seg av lengting, liv og song.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar