4. februar 2020

22. juli (2020)

Det er snart ti år sidan den vondaste dagen. Det har vore skriva bøker, det har vore laga filmar, det har vore laga fjernsynsseriar. Denne er laga av NRK, og er både respektfull og smakfull.

Det handlar om nokre av dei som vart ramma av noko heilt anna enn bomber og kuler. Det handlar om to journalistar i Aftenposten, om ein politimann frå Hønefoss, om tilsette ved akuttavdelinga på Rikshospitalet, om ein høgreekstrem bloggar, om dei som var på campingplassen ved Utøya. Dei er innblanda i dette på kvar sine måte, og taklar det på kvar sin måte. Politimannen må slita med at han og dei andre kunne gjort meir. Journalistane grev og grev for å finna ut kva som skjedde. Dei tilsette på sjukehuset står som nokre pålar, og reddar mange liv den natta mange av oss knapt nok sov.

Me ser lite til terroristen. Det vert brukt nokre arkivopptak, men elles er han lite synleg. Frå skytinga på Utøya er det ikkje filma i det heile, me høyrer berre lyden av skota frå campingplassen. Der er likevel nok av vonde scener i serien, og for meg var den verste då leitemannskapa på Utøya kjem saman midt på natta for å fortelja kor mange døde dei har sett langs stiane og vegane dei gjekk.

Javisst er det vondt å sjå dette. Men det er ein viktig serie, som er svært godt laga. Det er brukt ukjende skodespelarar heile vegen, som alle spelar såg godt at me trur på figurane dei skapar, me trur at dette er dei som kunne ha opplevd dette.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar