8. februar 2020

Emily Brontë: Wuthering Heights (1847)

Nok ei bok frå klassikar-serien til Skald forlag, og nok ei fin leseoppleving. Eg las denne då eg tok engelsk grunnfag for mange år sidan. Eg hugsa boka som rimeleg seig - kanskje av di eg las heilt andre bøker då, kanskje det hadde noko med feil førelesar å gjera. Ikkje veit eg, men dette var i alle fall bra.

Det er den einaste romanen Brontë gav ut. Ho var 29 år då boka kom ut, og ho døydde året etter.

I 1801, langt ute på den engelske landsbygda, leiger herr Lockwood huset Thrushcross Grange. Huseigaren, Heathcliff, bur litt unna, på Wuthering Heights. Lockwood vert nyfiken på historia til huset og dei som har budd der. Ein kveld han vitjar Wuthering Heights vert veret så gale at han ikkje vågar seg heimatt, og i staden fortel hushjelpa han kva som har skjedd dei siste tretti-førti åra.

Kortversjonen er om lag slik: Herr Earnshaw, som eig Wuthering Heights, adopterer den fattige ungen Heathcliff. Han er dårleg likt av dei fleste, med unntak av Catherine, dotter til Earnshaw. Dei har eit godt forhold gjennom heile boka, men ho vil ikkje gifta seg nedover og giftar seg i staden med Edgar Linton, frå familien som eig Thrushcross Grange. Heathcliff flyttar, men kjem attende som ein velståande mann, og giftar seg med Isabella Linton, syster til Edgar. Etter litt sjukdom og dødsfall vert Heathcliff, som gradvis vert meir og meir vanskeleg å ha med å gjera, eigar av begge husa.

Det er ei finfin bok. Av og til er det litt omstendeleg, men komposisjonen er god, og eg koste meg tidvis stort. Boka er framifrå omsett av Ragnar Hovland og Øystein Vidnes.

Guffen tilrår.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar