8. august 2019

Geert Mak: In Europe (2004)

Utgangspunktet her er heilt fint: Gjennom heile 1999 reiste Mak gjennom Europa, i fotspora til den europeiske historia på 1900-talet. Han reiser frå by til by, frå plass til plass, og fortel om ting som hende der. Nokre av hendingane han fortel om endra verdshistoria, nokre endra den europeiske historia, andre endra den nasjonale historia, medan andre igjen kanskje ikkje var så viktige for andre enn den eller dei det handlar om.

Innvendingane fyrst: Det er ikkje alltid like greitt å få tak på kvifor Mak reiser. Mange stader snakkar han med folk, og nokre kapittel opnar med fleire sider lange sitat frå ulike folk. Desse sitata er fine, men Mak trong ikkje reisa i dagevis for å gjera dei intervjua. Han kjem òg til stader der han ikkje snakkar med nokon, men berre fortel kvifor denne staden var viktig. Det kunne han òg gjort frå skrivebordet heime. Språket er òg stivt, men det reknar eg med at skuldast omsetjaren.

Men det meste i boka er bra. Han er ein god forteljar, og får godt fram korleis utkantane av Europa er mindre viktige, korleis Europa heile tida har vore prega av maktkampar mellom dei største landa, korleis Europa vert meir og meir homogent, og korleis nokre få personar prega hundreåret som gjekk. Den andre verdskrigen får størst plass, sjølvsagt, og Hitler og Stalin er av dei det står mest av i heile boka.

Guffen tilrår.

Meir Mak på kulturguffebloggen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar