23. mars 2019

Abraham Cahan: The Rise Of David Levinsky (1917)

Denne boka sluttar med at David Levinsky ser tilbake på livet sitt. Han er ekstremt rik, han er ein ekstremt vellukka forretningsmann, men han er ikkje heilt nøgd. Han ville gjerne gått meir på skule - han var dregen meir mot utdanning enn mot business. Han ville gjerne hatt kone og ungar. Han ville gjerne hatt meir å gjera med andre russiske jødar. Inst inne er han samd med sosialistane. I denne oppsummeringa framstiller han seg som noko misnøgd, men det er eit stort problem med det han skriv: Eg trur ikkje på han.

Han utvandra frå Russland i 1885, og slo seg ned i New York. Han kom seg oppover i kles-industrien, han svindla og lurte folk, gjorde nokre heldige grep, og vart etter kvart ein av dei rikaste. Både før og etter velstanden er han bortpå mange damer, og han kvir seg ikkje for å halda på med kona til ein av dei han samarbeider tettast med, ein av dei som redda verksemda hans. Mot slutten av boka møter han gamlekjærasten frå Russland, og vert skuffa når ho, sosialisten, avviser han, kapitalisten, blankt. Seinare er han trulova, men møter ei anna kvinne som han forelskar seg i. Han bryt trulovinga, får nei hjå drøymekvinna. Etter å ha smiska seg inn i familien via far hennar, ein halvgod poet, frir han til henne, men vert igjen avvist, mykje på grunn av at han er ein som berre tenkjer på pengar. Desse avslaga fargar nok det sjølvbiletet han presenterer i sluttkapitlet.

Boka kan gjerne samanliknast med Giants in the Earth av Rølvaag. Begge bøkene handlar om emigrantgrupper som kjem til USA, men der er opplagte skilnader. Cahan skriv om emigrantar som bur i New York, som i stor grad må greia seg sjølv, og som berre tenkjer på å tena mest mogeleg pengar. Rølvaag skriv om norske emigrantar som slår seg ned på prærien - dei må òg skapa seg eit liv og ei framtid, men samarbeider med kvarandre i langt større grad. Dei to bøkene utfyller kvarandre, på eit vis.

Men dei to bøkene er ikkje like gode. Eg las denne boka på engelsk mellomfag for lenge sidan, og inntrykket frå den gong står ved lag: Det er ei seig bok å koma gjennom. Levinsky er ikkje ein altfor interessant person, og Cahan skriv heller ikkje spesielt godt. Det er ordrikt og omfattande, og det vert brukt for mykje plass på episodar som er aldeles uinteressante.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar