26. mars 2019

J. M. Coetzee: Disgrace (1999)

Dette var solide saker. Det er den fyrste romanen eg har lese av Coetzee, og det gav absolutt meirsmak.

Me er i Cape Town. Professoren David Lurie har eit kort eventyr med ein motviljug student, det ligg heilt i grenselandet til valdtekt, og då dette forholdet vert kjent må Lurie gå frå jobben sin. Han reiser frå byen og ut på landsbygda, der dottera bur på ein liten farm. Det går ikkje stort betre der, dei to kjem ikkje altfor godt overeins, og ein dag vert dei rana av tre menn. Han vert skamslegen og sett fyr på, ho vert valdteken. I kjølvatnet av denne hendinga vert skilnaden mellom dei to tydeleg - han meiner at ho må gå til politiet og at ho må flytta; ho meiner (merkeleg nok) at dette er prisen ho må betala for å bu der ho bur.

Lurie misser det meste i løpet av romanen. Han misser jobben, han misser det relativt gode forholdet til dottera, og han misser òg sitt eige sjølvbilete. Han innser meir og meir at han ikkje er den mannen han trur at han her. Han får ikkje til å skriva boka om Byron han hadde drøymt om, og når han reiser tilbake til leilegheita viser det seg at nokon har brote seg inn og stole alt han eig.

Det er ei bok der historia stadig tek nye vendingar, og det er alltid stas. Det store vendepunktet er innbrotet hjå dottera, og både det og resten av boka vert fortalt i eit avdempa og sikkert språk. Det var ein fryd å lesa denne, og det vert nok fleire.

Guffen tilrår.

Meir Coetzee på kulturguffebloggen
Dusklands (1974)
Auster og Coetzee: Here and Now (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar