3. mars 2019

Flannery O'Connor: The Violent Bear It Away (1960)

På 1900-talet tok eg engelsk mellomfag. Me hadde to litteraturkurs, eitt der forelesaren var betre enn bøkene, og eitt der bøkene var betre enn forelesaren. Det siste kurset handla om dei fire bøkene Flannery O'Connor gav ut. Det er fantastiske bøker. Førelesaren var litt for oppteken av den religiøse sida ved bøkene. For nokre av oss var det mindre interessant, men det var likevel stas å lesa bøkene.

O'Connor gav ut to novellesamlingar og to romanar. Det er novellene ho er best kjend for, men også romanane er bra. Dette er den siste boka som kom ut medan ho levde, og ho har full kontroll over stoffet i boka. Ho kombinerer dei religiøse tankane med absurde og valdelege scener (sjølv om valden i denne boka ikkje er like synleg som i andre bøker, her ligg det meir implisitt), og har eit språkleg overskot utan like. Spesielt dialogane er gode.

Hovudpersonen er fjorten år gamle Francis Marion Tarwater. Han har levd så godt som heile livet hjå grandonkelen sin, ein religiøs fanatikar som bur langt ute i skogen i dei amerikanske sørstatane. Grandonkelen døyr medan dei et frukost, og Francis kjenner seg pressa til å gjera dei to tinga han har lova grandonkelen: Han skal gravleggja han, og han skal døypa ein yngre slektning inne i byen.

Ingen av delane går sjølvsagt heilt etter planen. Francis er ikkje heilt stabil i knollen, han er prega av livet med grandonkelen. Han reiser inn til byen, der onkelen hans bur saman med den udøypte son sin, som er lettare utviklingshemma. Onkelen og grandonkelen var usamde om det meste, og etter at onkelen skreiv ein artikkel om grandonkelen, der han vart framstilt som ein totalt forstyrra kar, som eit relikvie frå gamle dagar, hadde dei ikkje kontakt i det heile.

Ei glimrande bok, langt betre enn eg hugsa ho. Eg må nok henta fram dei andre bøkene òg, og viss dei er like gode eller betre enn dette har eg mykje å gle meg til.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar