8. desember 2013

Jens K Styve: Friedland (2013)

I eit tidlegare liv laga Jens K Styve laga svært gode teikneseriar. Det er han visst ferdig med - dette er den andre romanen hans, og eg likte den fyrste, Eg, Ove Kvamme, godt då eg las han.

Her er historia lagt til ein stad i Nord-Noreg. Hovudpersonen, Odd Friedland, er rundt femti, og tener pengar på ulikt vis. Han sel heimebrent, han går med ynskjekvist, og han er ein slags healer. På baksida av boka vert han presist presentert - han er "litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane". Han er like godt omgitt av folk som også puslar med litt av kvart. Kona arbeider i helsevesenet, men har ikkje problem med at Ove sel sprit, eller med å stela piller til den litt for late sonen Kris.

Kris er besteven med Frode, som lever av å selja dop, og slik kjem dei i kontakt med Tommy, som har flytta til bygda for å koma vekk frå dopmiljøet i byen, men som ikkje takkar nei til det som byr seg. Legg til ein mannevond hund, ein korrupt politimann og ei litt for ivrig politikvinne, nokre religiøse slektningar, ein bestefar som ligg for døden, og ei ung kvinne som er med på det meste, og du har persongalleriet i boka.

Det vert nesten litt for mykje av det gode, men berre nesten. Nokon stor roman er det ikkje, men boka er vel verdt å lesa. Styve skriv godt, her er fleire gode og morosame observasjonar. Like fint er det at han ikkje bruker store bokstavar når han skriv om vald - ved to høve i boka går ein hund til angrep på menneske, og begge gongene kjem det nesten som eit sjokk, av di språket er så nøkternt.

Guffen tilrår.

Meir Styve på kulturguffebloggen
Eg, Ove Kvamme (2008)

2 kommentarer:

  1. Guffen! Vel talt, berre to ting å pukke på her. For det første: hovudpersonen heiter ikkje Ove denne gongen, sjølv om det er ganske nært (Namnet er Odd). Det andre: det står "Nokon stor roman er det ikkje", dette meiner du nok ikkje.

    SvarSlett
  2. Takk for feilmeldinga - namnet er retta no. Viss du lovar å gje hovudpersonen i den neste romanen din eit namn som ikkje tek til med O, lovar eg å ikkje omtala han som Ove.

    SvarSlett