26. juli 2024

Thurston Moore: Sonic Life (2023)

Dei siste åra har eg lese ein biografi om Sonic Youth og sjølvbiografien til Kim Gordon. Ho var bassist/gitarist/vokalist i Sonic Youth, og var sambuar/gift med Moore i rundt tretti år. I 2011 fann han seg ei anna, og boka hennar var prega av akkurat det. Moore gav ut denne boka i fjor, og det vart freistande å lesa denne òg, for å sjå korleis han fortel den same historia.

Han fell ikkje for freistinga: Boka er ikkje noko direkte svar til det Gordon skriv om. Eva Printz dukkar ikkje opp før den femte siste sida. Fram til dess har Moore skrive både varmt og godt om Gordon. Det kan sjølvsagt vera at han dekkjer til og berre fortel litt av det som skjedde, men eg synest det er gjort med respekt.

Men dette var ikkje den viktigaste grunnen til at eg kjøpte boka. Ho har fått fine meldingar, og dei er fullt fortente. Han gjer seg fort ferdig med barndommen, men skildringane frå ungdommen er fabelaktige. Saman med venen Harold køyrer Moore fleire gonger i veka til New York for å gå på konsert. Dette er midt i 1970-åra, slik at han får med seg framveksten av NY-punken. Han skriv godt om band han ser, både då og seinare. Etter ein konsert han har vore på skriv at han han "would try to describe the experience to my friends and family, but, like so mange epiphanies with music and art, words could only fall short". Ja, det kan vera vanskeleg å skildra store kunstopplevingar, men gong etter gong vart eg imponert over korleis Moore skreiv om band han hadde sett. 

Det er ei finfin bok. Det verkar som om det heile tida er musikken som er det viktige for han. Han skriv om band han er på turné med, både amerikanske og andre, og får fram kvifor musikken deira var bra. Det er såleis ein enormt kontrast til sjølvbiografien til Slash, som eg las for litt sidan - han var langt meir oppteken av å skriva om damer og dop.

Guffen tilrår.

Meir Sonic Youth på kulturguffebloggen
Stevie Chick: Psychic Confusion. The Sonic Youth Story (2003)
Kim Gordon: Girl in a Band (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar