4. desember 2022

Richard Yates: Revolutionary Road (1961)

Det var vel ein gong i dei fyrste tiåra etter andre verdskrigen at det verkeleg gjekk gale i USA. Alle skulle oppover, alle skulle få meir velstand, alle skulle ha det bra, osb. Denne romanen viser kor optimistisk og urealistisk eit slikt syn var.

Det handlar om småbarnforeldra Frank og April Wheeler, som bur i Connecticut. Ho er heimeverande med dei to borna deira; han er dagpendlar til Manhattan. Han har ein jobb han ikkje likar, men greier ikkje heilt å finna seg noko anna. Det gjer derimot April. Ho ser at han ikkje får brukt kompetansen sin, og kjem opp med eit friskt framlegg: Kva om dei flyttar til Paris? Der kan ho jobba som sekretær, medan han kan finna ut kva han vil med livet sitt. Han er lunken til planen, men ho greier å overtala han. Heilt til to ting skjer samstundes: Han får signal om at han er på veg opp i firmaet, til ei stilling med høgare løn og meir ansvar. Og ho oppdagar at ho er gravid. Derfrå går alt nedover.

Det verkar som om alle, inkludert alle dei kjenner i Connecticut og dei Frank møter på jobben, spelar roller. Mennene dominerer, kvinnene er lettlurte og som regel lette på tråden. Den einaste som stiller kritiske spørsmål til alt som skjer er John, son til eit eldre ektepar i nabolaget, og han bur stort sett på eit galehus. Alle andre er så høflege og så hyggelege som dei kan. Det er ei glitrande bok, godt komponert og godt skrive. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar