27. november 2022

Kjell Andreas Oddekalv: Side Brok. Høge Brelle (2022)

Eg har framleis eit avslappa forhold til rap, men nokre få unntak finst det. Side Brok er eitt av dei unntaka, dels av di eg arbeidde i Hovdebygda då dei slo gjennom - viss eg hugsar rett vart debut-Epen deira lansert nokre meter frå kontoret mitt. Nokre år seinare var eg av og til på farten med Runar Gudnason, nokre veker kvart år, med eit progressivt skuleprogram for ungdomsskuleelevar.

Denne boka fortel om debut-albumet deira, Høge Brelle. Oddekalv veit absolutt kva han skriv om, både i masteroppgåva og PhD-en hans handla det om rap. Han er i tillegg frå Volda, og skriv at han har vore på så mange konsertar med Side Brok at han har mist teljinga. Han går gjennom plata spor for spor, men nyttar av og til høvet til å skriva om andre, relaterte ting. Det gjer han på ein eksemplarisk og leikande måte - han kommenterer mellom anna at det er omsynsfullt at plata opnar med kuttet "Intro" - det gjer jo at han kan bruka kapitlet om det kuttet til ein intro til boka.

Det handlar om heile bandet, men det handlar mest om Runar G. Han var den einaste hiphopparen i bandet, og det verkar som om alle er samde i at han var (og er) drivkrafta i bandet. Han skriv og framfører tekstane, som ein av rollefigurane han har skapt. Oddekalv går langt inn i tekstane, jamfører dei med tekstar av andre rapparar, og Runar G. kjem godt frå det. 

Guffen tilrår. 

Meir Side Brok på kulturguffebloggen
Heimegutar (2009)
Eg har ord (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar