24. mai 2020

Olav Njølstad: Jens Chr. Hauge - fullt og helt (2008)

Jens Christian Hauge (1915-2006) var ein viktig mann i Noreg gjennom heile det vaksne livet sitt. Han utdanna seg til jurist, og var så vidt i gang med yrkeskarriera då andre verdskrigen tok til. Han vart engasjert i motstandskampen, og gjekk etter kvart leiar i Milorg. Etter krigen var fleire parti interesserte i å få han med på laget. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet, og var forsvarsminister 1945-52 og justisminister det meste av 1955. Seinare var han mykje brukt som rådgjevar for Arbeidarpartiet, og var òg mykje brukt som forhandlar for regjeringa, både innanlands og utanlands.

At Hauge fekk eit langt liv, og at han var aktiv gjennom heile livet, er ein av grunnane til at denne boka er heller omfangsrik. Det er både ein styrke og ein veikskap ved boka. Her vert sjølvsagt formidla enormt mykje kunnskap, men tidvis vert det for mange detaljar. Kanskje boka fungerer best for dei som vil setja seg inn i berre éi side ved livet hans.

Boka har fire hovuddelar - Veien til fangenskap, Motstandsmannen, Poltikeren og Advokaten. Den fyrste er glimrande. Hauge vart fengsla i 1941, og i denne delen fortel Njølstad både om arrestasjonen og fengselsopphaldet, og om livet til Hauge fram til 1941. Dette vert fletta saman på ein framifrå måte. Dei tre siste delane flyt ikkje like godt, mest av di det altså vert for detaljert. Njølstad skriv godt, og har òg full oversikt over det enorme kjeldematerialet.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar