27. mai 2020

Tormod Haugland: No mar (2007)

Alle trudde at han var død. Hovudpersonen i denne romanen, Ola Lande, er son til ein vidgjeten kunstnar som har arrangert sin eigen bortgang. I åra etter denne bortgangen har sonen lagt til rette for publisering av mange av tekstane til faren, og denne romanen fortel om det døgeret (omtrent) han reiser frå Vestlandet til Oslo for å lansera ei ny bok. Det skjer mykje på den korte tida, for å seia det mildt.

Han vert oppsøkt av to personar frå fylkeskommunen som vil gjera heimen til faren om til museum. Faren kjem tilbake frå eksil i utlandet. Gamlekjærasten til faren døyr. Han tek nattoget til Oslo, og i restaurantvogna kjem han i snakk med to par, eit britisk og eit amerikansk. Det viser seg at dei alle bur i Bergen, og at di, sjølv om samtalen går på engelsk, både forstår og snakkar norsk. Framme i Oslo viser det seg at forlaget veit at faren er i live, dei veit at sonen har endra mange av tekstane, og dei avlyser heile boklanseringa. Han vitjar mor si, som er med i eit eller anna hemmeleg selskap. Der er òg dei fire frå nattoget med, og dei har på merkeleg vis fått inntrykk av at Ola er den frelsaren dei alle ventar på.

Det skjer altså mykje, og dette er ikkje alt. Her er òg mange gode samtalar i boka, som altså vert langt meir innhaldsrik enn det relativt beskjedne sidetalet skulle tyda på.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar