6. juli 2019

Waco: Madman or Messiah (2018)

Det finst haugevis med religiøse sekter. Nokre er små, nokre er halvstore. Eg er litt i utkanten av eige fagfelt her, men har ei kjensle av at fleire sekter har leiarar som ser seg sjølv som ein reinkarnasjon av ein religiøs helt, eller at dei presenterer seg som ein profet som er eit direkte talerøyr for ein gud. Det er heller ikkje direkte uvanleg at dommedag er rett rundt hjørna.

Slik var det med sekta Branch Davidians, som heldt til i Waco i Texas. Leiaren deira, som tok namnet David Koresh, var overtydd om at han var var ein stor profet. Han fekk/tok makta i sekta, og skal ha vore ein karismatisk talar, med enorme kunnskapar om Bibelen. Sekta bygde opp store våpenlager, slik at dei kunne forsvara seg. Han sa òg, med bakgrunn i Bibelen og i eigne studiar, at i framtida skulle 24 personar styra verda etter at Kristus hadde kome tilbake. Dei 24 måtte ha ein profet som far, og mødrene deira burde ikkje ha ungar frå før. Då vart det snedig nok slik at Koresh fekk ungar med ei rekkje av dei unge jentene i sekta.

I 1993 fekk amerikanske styresmakter tips om at sekta hadde store mengder ulovlege våpen. ATF (Bureau of Alcohol, Tobacco & Firearms) planla eit raid, men sekta fekk tips om det, etter at ein fjernsynsreporter køyrde seg vil, og spurde ein postmann om vegen. Postmannen var tilfeldigvis medlem i sekta, og melde frå. Då ATF kom fram, fekk dei ikkje sleppa inn. Dei prøvde å ta seg inn, det vart skyting, og etter kvart gjekk situasjonen over til ei beleiring som vara 51 dagar. Nokre born og nokre andre slapp ut, men då ATF på ny gjekk til angrep vart det meir skyting, før huset vart sett i brann, truleg frå innsida. I alt døydde 76 personar, 21 av dei var under 14 år. Alle borna til Koresh miste livet, han ville ikkje at dei skulle forlata huset.

Denne dokumentaren får godt fram kor grufullt det heile var. Her er film frå både innsida og utsida, også frå sjølve beleiringa. Dei på innsida sende ut videokassettar, og her er òg mange opptak frå telefonsamtalar med Koresh. Det heile er så meiningslaust, og noko av det mest meiningslause er at fleire av dei overlevande frå sekta ikkje greier å ta heilt avstand frå det. For det kan ikkje vera tvil om at Koresh slettes ikkje var ein Messias, han var klin galen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar