23. juli 2019

Mark E. Smith: Renegade (2008)

The Fall var litt slitsame, musikalsk sett. Eg kjenner dei ikkje altfor godt, men har ingen plater med dei, og kan heller ikkje nemna opp altfor mange av songane deira. Det seier kanskje litt at songen deira eg kjenner best er ein cover-versjon av "Victoria".

Dei kan vera det engelske bandet som har hatt flest medlemmar. Dei vart skipa i 1976, og dreiv på fram til 2018. Då døydde leiaren i gruppa, Mark E. Smith, og han var den einaste som var med i alle 42 åra. Kor mange som var innom er litt uklart, men det er snakk om rundt 66 personar, kanskje endå fleire. Smith song, spelte av og til nokre instrument, skreiv tekstar og musikk, og styrte bandet slik han ville. Det har alltid vore stas å lesa intervju med han, og det var òg stas å lesa denne boka.

Nokon biografi er det ikkje, i vanleg forstand, og det anar meg at mykje av det som står her ville vorte lagt fram annleis av ein nøytral forfattar. Dette er Smith sin versjon, og han sparar ikkje på krutet. Det er få som får godkjent karakter av han, han slaktar omtrent alle han har vore i kontakt med. Bandmedlemmar, andre musikarar, journalistar, fotballspelarar, folk i London, folk i Manchester (der han kjem frå), osb. Han skriv varmt om nokre, og han skriv ofte varmt om drikking. Han er open om at han drikk for mykje, og i eit avsnitt om kvifor han ikkje har ungar står det at han er typen til å gløyma ungen og at han i staden ville vera på puben, "engrossed in a conversation when I should be home because the baby's in frontof the fire getting slowly roasted. I'm that type of fellow".

Han skriv òg om korleis han berre har tre stolar der han bur - ein til seg sjølv, ein til kona, og ein til ein gjest. "No more. One guest at a time - that's my philosophy. You don't want your house turning into a hippie commune". Boka er nokolunde kronologisk. Det er jamt over bra, men det tek seg likevel opp mot slutten, der det kjem nokre svært underhaldande kapittel.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar