16. desember 2018

Bjørn Gabrielsen: Lutefisk på prærien (2001)

Det er ikkje heilt uvanleg med bøker der nordmenn (eller andre) reiser gjennom USA. Utgangspunktet for Gabrielsen er at han vil leita etter det norske Amerika. Mot slutten av boka innser at han eigentleg har gjort noko heilt anna. Han har vore innom i det norske Amerika, men han har vore like mykje i resten av Amerika.

Sånn heilt apropos ingenting: Eg hadde eit liknande utgangspunkt då eg tok hovudfag, og oppgåva mi fekk òg eit liknande namn: Med lutefisk i flaggstanga. Eg skreiv om ein norskamerikansk festival i Minot, Nord-Dakota, og det Gabrielsen skriv om besøket sitt i den byen viser kor lite viktig det norskamerikanske vert for han. Han nemner ikkje den skandinaviske parken i byen, der det står to gamle hus frå Telemark, ein kopi av ei stavkyrkje, ei statue av Sondre Norheim, monumentet Sondre Norheim Eternal Flame, og nokre svenske og danske greier. Han nemner ikkje festivalen før i sluttorda. I staden skriv han om ein bar han har vore på, og det er stort sett det denne boka handlar om: Norsk forfattar går på bar.

Han skriv sjølvsagt ikkje berre om drikking. Han skriv mykje om folk han møter og stader han besøker, men han skriv eigentleg mest om seg sjølv. Det kunne vore greitt nok, men då burde han ha vore hakket meir interessant. Skulle denne boka vorte ein fulltreffar burde han òg ha skrive meir underhaldande. No vert det heller keisamt, og boka vert difor ei av reisebøkene frå USA som ikkje er altfor vellukka.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar