2. desember 2018

Making a Murderer, sesong 2 (2018)

Making a Murderer var ein glimrande dokumentarserie. Han handla om Steven Avery, som sat tolv år (av totalt atten) i fengsel for eit brotsverk han ikkje hadde gjort. Han vart sett fri etter nye DNA-testar, men etter at ei kvinne vart drepen på eigedomen hans vart han dømt, saman med den seksten år gamle nevøen sin, Brendan Dassey. Det var ein serie der historia heile tida tok uventa vendingar.

Slik er det ikkje i denne sesongen. Her går to handlingar parallelt - ein advokat prøver å få saka til Avery opp att, eit anna advokatpar prøver å få saka til Dassey opp att. Det kunne vore eit godt utgangspunkt for ein dokumentarfilm på ein time eller to, men her vert det drege ut over ti timeslange episodar. Dei fleste episodane er bygd opp likt: Advokatane snakkar om ting dei har funne. Avery-advokaten vitjar mor til Avery. Foreldra til Dassey snakkar om at dei vil ha sonen sin ut frå fengsel. Ei rekkje klipp frå nyheitssendingar viser at saka framleis engasjerer. Opptak av telefonsamtalar med Avery eller Dassey vert spelte av. Klipp frå rettssaka vert vist.

Det vert altfor, altfor seigt. Vinklinga er òg altfor partisk - advokaten til Avery får koma med lange innlegg utan at nokon motseier ho. Ho bruker mykje tid på å ta testar som skal visa at påtalemakta tolka ulike bevis feil. Ho legg fram desse testresultata som om dei er prov, men dei kan like gjerne kallast Thor Heyerdahl-bevis - ho viser kva som kan ha skjedd, ikkje kva som har skjedd.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Michael Griesbach: The Innocent Killer (2014)
Making a Murderer (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar