4. desember 2023

Makta, sesong 1 (del 1, 2023)

Denne serien handlar om livet i Arbeidarpartiet frå rundt midten av 1970-åra. Det er berre femti år sidan, men alt er annleis. Det er røyking og drikking, det er flest menn i politikken, og dei har ikkje noko etisk regelverk å bry seg om.

Me går frå Bratteli til Brundtland, frå den gamle til den nye tid. Det handlar mykje om han som var statsminister mellom dei, Odvar Nordli, og det handlar mykje om han som aldri vart statsminister, Reiulf Steen. 

Det er ein finfin serie. Det toppar seg i den siste episoden, som har fått det glitrande namnet "Ingen av oss har snakka sammen". Nordli har bestemt seg for å gå av, og partileiinga er samla heime hjå Bratteli for å finna ut kven som skal ta over. Nordli har støtte for framlegget sitt, Rolf Hansen, men han har gløymt ein liten detalj: Han har ikkje spurt Hansen om han vil. Han takkar nei, og dei neste minutta, der det gradvis går opp for alle at det er Brundtland som må ta over, er aldeles fabelaktige.

Serien har fått kritikk for mykje rart. Og det meste av det er rart - at dei går rundt i dagens Oslo er berre artig. At nokre av skodespelarane ikkje liknar på den dei framstiller går òg heilt fint for meg, sjølv om det kan innvendast at det då vert feil at nokre liknar svært mykje. Det er òg greitt for meg at serieskaparane vrir litt på røynda. Serien er ikkje ei historiebok.

Guffen tilrår. 

Meir Makta på kulturguffebloggen
Sesong 2 (del 2, 2024)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar