27. august 2023

Slomosa (Hedleberget, Voss, 25.8.2023)

Hedleberget ligg sånn omtrent rett i nabolaget. Ein flittig dugnadsgjeng har laga ei utescene der, og har nokre få arrangement i året. Vanlegvis ligg artistane litt på sida av det eg bryr meg med, men denne gongen tok eg turen. Det var absolutt verdt bryet.

Slomosa vert gjerne omtala som eit vossaband, og det er nokolunde rett - to av dei fire i bandet er herfrå. Dei bur ikkje her lenger, så det er ikkje så ofte dei har spelt her. Eg har litt kontakt med eit par av dei før, i litt ulike samanhengar, men dette var fyrste gong eg var på konsert med dei.

Det er tungt, og det er svært solid. Musikken er ikkje altfor variert, men der er nok synkoperingar og uventa rytmiske vendingar til at det fungerte fint gjennom heile konserten. Og, i mangel på eit betre ord - det er tøft og vel så det. Det svingar, og sjølv om det var langt meir rørsle hjå ungdommane nærmast scena, var det lett rørsle også hjå oss veteranane lengst bak. Lyden var uventa god, og eg trur dette er endå betre i eit vanleg konsertlokale.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar