29. mai 2023

Erik Valebrokk: The Colors Turned Red (2022)

Skal ein vera pirkete, og det er det jo lov til å vera, burde orda "The Colors Turned Red" stått to gonger i overskrifta her. Boka kom ut i serien Norske albumklassikere, og titlane på bøkene i den serien har same form: Artist pluss platenamn. Her er bandnamn og platenamn identiske, så då forenklar eg like godt. Dessutan passar ei slik forenkling godt her - boka handlar langt meir om bandet enn om plata. 

The Colors Turned Red er frå Haugesund. Medlemmene hadde mellom anna bakgrunn i punkbandet Blister og frå postpunkbandet Im Nebel. Dei endra stil rundt midten av 1980-åra, og skifta då namn til TCTR. Denne plata kom ut i 1988, og trass i strålande kritikkar vart bandet oppløyst det same året.

For meg var Im Nebel langt meir interessant enn TCTR. Eg såg dei på landsmøtet til Norsk Rockeforbund i Bergen i 1984, og intervjua dei etterpå. Eller "dei" - det var vel stort sett gitarist og låtskrivar Haakon Larsen som snakka. Han var viktig i Im Nebel, og var like viktig i TCTR. Han skreiv det meste av musikk og tekst, og var òg den største drivkrafta i det dei dreiv med. 

Men boka: Det er altså mest av alt ein band-biografi. Det er ei fin bok, og noko av det finaste med boka er biletet ho gjev av korleis det var å spela i band i 80-åra. Det var ikkje mange stader å få spelejobbar, fanziner og nettverk var viktige for å verta kjende, kassettar var minst like viktige som plater, og det var vanskeleg å få platekontrakt. Boka gjev òg eit godt bilete av korleis det var å spela i band langt utanfor dei største byane. TCTR kom seg over alle desse hindera, spelte inn LP i København, før dei altså parkerte bandbussen nokre månader seinare. Etter mange år kom dei saman att, og sjølv om aktiviteten ikkje er svært høg kom dei nyleg med sitt tredje album.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar