29. januar 2023

Graham Coxon: Verse, Chorus, Monster! (2022)

Graham Coxon var gitarist i Blur, eitt av dei halvinteressante britpop-banda frå 1990-åra. Eller, han er det vel framleis, etter å ha vore ute av bandet nokre år. Eg hadde ikkje noko nært forhold til dei, men Øystein, som eg delte husvære med eit par år, høyrde gjerne på dei. Musikken var heilt grei.

Her er sjølvbiografien hans. Boka er tradisjonelt bygd opp, med barndom og ungdom og band osb. Den fyrste delen av boka er best, mot slutten vert det litt mykje oppramsing av songar og prosjekt og plateinnspelingar og turnear.

Det er uansett ikkje det han skriv om musikk som er mest spanande i boka. Det er langt betre når han fortel om alt han sleit med. Han drakk altfor mykje, og var til avrusing fleire gonger. Han sleit med nervene. Han sleit mykje med livet som popstjerne. Noko av det han sleit mest med var kvinnehaldninga som var synleg i England i 90-åra, dels også i Britpop-miljøa. 

Boka tek aldri av. Boka er velskriven, det er lett å lesa og lett å kjenna sympati for Coxon, som framstår som ein triveleg kar, men likevel.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar