6. mars 2022

Norman Mailer: The Executioner's Song (1979)

 

Gary Gilmore vart dømt til døden i 1976. Han var 36 år, og hadde levd nesten halve livet i fengsel. Han var nyleg sett fri, men etter å ha drepe to personar fekk han dødsdommen. Folk vart jamleg dømde til døden i USA, men det var nesten ti år sidan nokon av desse faktisk vart drepne. Det vanlege var at fangar kjempa for å få omgjort dødsdommar, men med Gilmore var det motsett: Han kjempa for å verta drepen. Det gjekk litt att og fram, og dei siste dagane var det hyppige møte i rettsvesenet, men i januar 1977 fekk han viljen sin, og vart skoten.

Det er ei fengande og fascinerande historie. Det tok to månader frå han vart sleppt fri til han vart sett inn att, og på desse to månadene får han gjort mykje. Han jobbar litt, han bur på slekt, han drikk rimeleg mykje, og han får seg ein kjærast. Ho er berre 19 år, men har alt to ungar og to skilsmisser bak seg. Dei to får eit nesten magnetisk forhold, også etter at Gilmore hamnar i fengsel igjen. 

At han absolutt ville drepast gjorde at saka hans vart kjend over heile USA, og etter kvart over heile verda. I den siste halvdelen av dukkar det stadig opp nye journalistar som vil skriva om saka, og som kjempar om rettane til å laga film og artiklar om det heile.

Historia er fengande, og boka er fengande. Mailer har intervjua mange, og har fått tilgang til intervju andre har gjort. Det er detaljert og innsiktsfullt. Det er litt uklart kva sjanger dette er - boka fekk Pulitzer-prisen for beste roman, men det er like mykje ei dokumentarbok. Det er uansett ei glimrande bok.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar