5. juni 2021

Friends: The Reunion (2021)

 

Det er nesten rart å hevda det, men eg trur det er rimeleg sant: Dei to mest populære komiseriane på norsk fjernsyn i 90-åra var Seinfeld og Friends. Seinfeld er framleis rimeleg artig, medan det verkar uforståeleg at Friends var ein serie eg lo av. I denne nye filmen vert det sagt at serien trefte ei tidsånd, og det kan godt henda at det er forklaringa. Det kan sjølvsagt òg henda at eg i 90-åra var omtrent på det stadiet i livet der hovudpersonane var.

Serien vart sendt frå 1994 til 2004. Dette var andre gong dei seks skodespelarane var i same rom etter at innspelinga var over. Filmen opnar med at dei kjem inn på det gamle settet, ein etter ein. Nokre av dei har halde seg godt, andre har endra utsjånad kraftig. Monica har fått kirurgar til å stramma opp fjeset sitt. Chandler ber preg av å ha levd eit hardt liv. Joey har lagt seg ut, men samstundes er han den som er mest lik seg sjølv - han er like avslappa og sjarmerande som i gamle dagar. 

Filmen er stort sett mimring. På settet får dei seks besøk av skodespelarar som hadde biroller. Dei vert òg intervjua utandørs, framfor eit avgrensa publikum. Av og til er det sånn halv-triveleg, av og til er intervjuaren altfor keisam, stort sett heile tida er det kjedeleg. Det kjem òg korte innspel der folk over heile verda fortel kor viktig serien var for dei, og det kjem korte glimt der kjendisar fortel at dei likar Friends, og av og til glimtar det til i samtalane mellom dei seks, men det vert for lenge mellom godbitane.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar