12. august 2020

Michael Stewart Foley: Fresh Fruit for Rotting Vegetables (2015)

Dead Kennedys var eit av dei tøffaste banda. Dei kom frå San Francisco i California, og vart raskt det viktigaste punkbandet på den amerikanske vestkysten, og gradvis det viktigaste i USA (og kanskje òg elles i verda). Dei vart oppløyst i 1986. (Og ja, eg veit at tre av medlemmane sidan 2001 har spelt under namnet Dead Kennedys, men det vert feil å rekna eit DK utan vokalisten Jello Biafra som eit DK.)

Denne boka fortel om debut-LPen deira, som kom i 1980. Det er ei imponerande bok. Foley skriv mykje og godt om tilhøva i San Francisco i andre halvdel av 1970-åra, og viser korleis Dead Kennedys vart påverka av byen dei budde i. Frå 1978 var det stadige oppør i byen, dels grunna eit altfor brutalt politi, upopulær skattepolitikk, vanskelege leigetilhøve ("Let's Lynch the Landlord"), kampanjar mot homofile, osb. Det var òg den sommaren Jim Jones emigrerte frå San Francisco til Jonestown i Guyana.

Foley har snakka med medlemmane i bandet, og viser korleis dei alle kom frå ressurssterke familiar. Alle var politisk medvitne og politisk aktive, og det prega musikken deira. Han skriv òg godt om tekstane til Biafra, der han gjerne let eg-personen stå for noko heilt anna enn det han sjølv stod for, som i songen "I Kill Children". Foley framhevar at bandet var gode musikarar, at dei heldt gode konsertar, og at Biafra var ein fantastisk frontfigur på scena.

Guffen tilrår.

Meir Dead Kennedys på kulturguffebloggen
Alex Ogg: Dead Kennedys. Fresh Fruit for Rotting Vegetables (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar