13. desember 2025

Lars Elling: Nei, dette husker vi (2025)

Boka vert presentert som ein roman, og då er det jo ein roman. Slik var det med Bikubesong; slik er det med denne. Men boka kan like gjerne lesast som ei novellesamling, der me møter dei same karakterane i ulike situasjonar, til ulike tider. Men det er eigentleg ikkje så viktig om ein plasserer boka i den eine eller andre sjangeren. Boka er uansett finfin.

Det handlar (stort sett) om Vemund, Henriksen, Myrvold, Bøe og Filip, fem jamgamle gutar/unge menn som veks opp ein stad på Austlandet. Dei finn på mykje rart og prøver mykje rart, men mest av alt prøver dei å finna ut kven dei er. Av og til er dei gutar, av og til er dei unge, av og til er dei vaksne. Dei veit nok kvar grensene går, men dei er ikkje alltid så oppteken av å ikkje kryssa dei. Som regel går det bra, nokre gonger går det gale. Verkeleg gale.

Ein av gutane heiter altså Filip, og det var òg namnet på hovudpersonen i Fyrstene av Finntjern. Også i denne boka er Filip ei kunstnarsjel, så det er fare for at han er basert på eigne opplevingar. Elling skriv godt, og han komponerer godt. Han porsjonerer ut informasjonen, og han ser ingen grunn til å fortelja meir enn det som trengst. 

Guffen tilrår.

Meir Elling på kulturguffebloggen
Fyrstene av Finntjern (2022)
Ved porten til stillhetens skog (2024)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar