Så boka er til dels eit sjølvportrett, men det er òg eit godt portrett av agentbyrået. Sjefen hennar, ei eldre kvinne, er ei av desse som røyker sigarettar med munnstykke, og som veit korleis alt skal gjerast. Byrået jobbar etter gamlemåten, boka går føre seg i 1996. Der andre arbeidsplassar i New York lenge har brukt datamaskiner, og relativt nyleg har vore på Internett, er byrået hennar nøgde med at dei nyleg fekk noko så moderne som ei kopimaskin. All skriving vert gjort med skrivemaskiner.
Den mest vidgjetne forfattaren sjefen hennar arbeider med er J.D. Salinger. Rakoff vert starstruck, men berre av di ho kjenner namnet hans, og veit at han avskyr publisitet - ho har ikkje lese noko han har skrive. Ho får etter kvart ansvar for å svara på fanposten hans, som det kjem enorme mengder av kvar dag. Alle desse breva skal få det same høflege, avvisande svaret, men ho tøyer grensene litt, og skriv somme tider litt meir utfyllande svar. Ho snakkar med Salinger på telefonen. Og då Salinger seier at han vil gje ut ei novelle som eiga bok, får ho til og med helsa på han.
Guffen tilrår.
Meir Salinger på kulturguffebloggen
The Catcher in the Rye (1951)
Nine Stories (1953)
Margaret A. Salinger: Dream Catcher. A Memoir (2001)
The Catcher in the Rye (1951)
Nine Stories (1953)
Margaret A. Salinger: Dream Catcher. A Memoir (2001)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar