26. juli 2019

Truman Capote: Breakfast at Tiffany's (1958)

Eg har lese litt av Capote dei siste åra - ikkje mykje, men nok til at eg har likt det. Denne korte romanen vart filmatisert kort tid etter at han kom ut, og filmen var ikkje noko stor oppleving for meg. Eg tok likevel sjansen på denne boka, og det var det verdt.

Kort fortalt: Eg-forteljaren fortel om den korte tida han kjende Holly Golightly. Ho kastar glans over det meste, men skjuler ei fortid som ikkje er heilt stoverein. Ho vert òg, kanskje av di ho er altfor naiv, blanda inn i noko narkokriminalitet. Forteljaren bur i etasjen over ho, og prøver å hjelpa der han kan, men det går ikkje like greitt alltid. Holly styrer med alt og alle, akkurat som ho vil, og det viser seg vel at ingen kjenner ho spesielt godt. Ho legg opp falske frontar i alle retningar.

Boka er svært velskriven. Capote bruker akkurat dei rette orda, og han bruker akkurat nok av dei. Både forteljaren, Holly og eit par av dei andre som er innom er spanande figurar, som ein gjerne skulle ha lese meir om.

I Penguin-utgåva eg las var det med tre noveller av Capote. Alle er fine.

Guffen tilrår.

Meir Capote på kulturguffebloggen
Other Voices, Other Rooms (1948)
Breakfast at Tiffany's (film, 1961)
In Cold Blood (1966)
In Cold Blood (film, 1967)
First and Last (1995)
The Early Stories of Truman Capote (2015)
A Christmas Memory (2020)

23. juli 2019

Mark E. Smith: Renegade (2008)

The Fall var litt slitsame, musikalsk sett. Eg kjenner dei ikkje altfor godt, men har ingen plater med dei, og kan heller ikkje nemna opp altfor mange av songane deira. Det seier kanskje litt at songen deira eg kjenner best er ein cover-versjon av "Victoria".

Dei kan vera det engelske bandet som har hatt flest medlemmar. Dei vart skipa i 1976, og dreiv på fram til 2018. Då døydde leiaren i gruppa, Mark E. Smith, og han var den einaste som var med i alle 42 åra. Kor mange som var innom er litt uklart, men det er snakk om rundt 66 personar, kanskje endå fleire. Smith song, spelte av og til nokre instrument, skreiv tekstar og musikk, og styrte bandet slik han ville. Det har alltid vore stas å lesa intervju med han, og det var òg stas å lesa denne boka.

Nokon biografi er det ikkje, i vanleg forstand, og det anar meg at mykje av det som står her ville vorte lagt fram annleis av ein nøytral forfattar. Dette er Smith sin versjon, og han sparar ikkje på krutet. Det er få som får godkjent karakter av han, han slaktar omtrent alle han har vore i kontakt med. Bandmedlemmar, andre musikarar, journalistar, fotballspelarar, folk i London, folk i Manchester (der han kjem frå), osb. Han skriv varmt om nokre, og han skriv ofte varmt om drikking. Han er open om at han drikk for mykje, og i eit avsnitt om kvifor han ikkje har ungar står det at han er typen til å gløyma ungen og at han i staden ville vera på puben, "engrossed in a conversation when I should be home because the baby's in frontof the fire getting slowly roasted. I'm that type of fellow".

Han skriv òg om korleis han berre har tre stolar der han bur - ein til seg sjølv, ein til kona, og ein til ein gjest. "No more. One guest at a time - that's my philosophy. You don't want your house turning into a hippie commune". Boka er nokolunde kronologisk. Det er jamt over bra, men det tek seg likevel opp mot slutten, der det kjem nokre svært underhaldande kapittel.

Guffen tilrår.

15. juli 2019

Merethe Lindstrøm: Ingenting om mørket (2003)

Tilhøvet mellom foreldre og born er eit tema Merethe Lindstrøm har vore innom fleire gonger. Slik er det også i denne romanen, i dobbelt forstand. Stein, forteljaren i boka, har kome for seint til ein avtale med sonen Mathias. Utover kvelden og natta leitar han etter sonen, og samstundes får me vita mykje om korleis Stein hadde det med sin eigen far.

Det er ikkje så lystig lesing. Mathias har tidlegare prøvd å ta livet sitt, og det er sjølvsagt det som pregar Stein denne natta. Gradvis kjem det fram meir om faren, som sleit meir og meir, og som (truleg) var schizofren. Han var lokomotivførar, men fekk seg ein jobb i billettluka i staden, han vart for redd for at han skulle køyra på nokon med toget. Stein prøver å ta seg av Mathias åleine, mora er ambisiøs og jobbar eller har jobba i London, men han greier det ikkje. Me skjønar etter kvart at han langt ifrå er så god far som han trur han er, eller som han burde vera.

Det er ei historie som gjev inntrykk, og det er fascinerande korleis Lindstrøm fortel så sterke saker i eit så forsiktig språk. Samstundes er det litt å trekkja for, etter ein glitrande opning på boka vert det litt stilleståande i midtpartiet. Når han endeleg finn Mathias vert det òg eit lite antiklimaks.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

13. juli 2019

Marion Davies: The Times We Had (1975)

Marion Davies var skodespelar. Mellom 1917 og 1937 laga ho i overkant femti filmar. At ho laga så mange filmar fortel oss fleire ting. Ho har populær. Ho må ha vore ein habil skodespelar. Mange av filmane var relativt korte. Og det vart ikkje lagt altfor mykje arbeid i produksjonen. På det meste spelte ho inn fem filmar i året.

Eg har ikkje sett nokon av desse filmane. Eg har derimot sett ein film som dels handlar om ho, og det er grunnen til at eg las denne boka. Citizen Kane er i stor grad basert på livet til aviskongen William Randolph Hearst. I filmen møter Kane ein kveld Susan Alexander, ei kvinne som har ambisjonar om å verta songar. Ho er aldeles taalentlaus, men Kane bruker både tid og pengar på å gjera henne stor, dels gjennom altfor rause omtalar i avisene sine. Dette er inspirert av forholdet mellom Hearst og Davies. Hearst var gift då han møtte Davies. Kona nekta han skilsmisse, og Hearst og Davies budde i lag i meir enn tjue år, fram til han døydde. Davies var meir talentfull enn Susan Alexander. Framstillinga i Citizen Kane har skapt eit feilaktig inntrykk av at ho ikkje hadde mykje å by på.

Hearst døydde i 1951. Det same året las Davies inn livshistoria si på band, og det er dei opptaka som er grunnlaget for denne boka. Opptaka er transkriberte, og dei to redaktørane har lagt mykje arbeid i å binda det heile saman - her er ei rekkje oppklarande avsnitt og fotnotar. Davies skildrar eit liv i ekstrem luksus, og stiller seg ikkje i eit altfor positivt lys. Ho er naiv, ho forstår ikkje det som skjer rundt seg. At ho tonar ned det som måtte vera av kontroversar er forståeleg, det er jo noko i retning av ein sjølvbiografi, dette.

Guffen er lunken.

12. juli 2019

Vidar Kvalshaug: Juling og andre kjærtegn (2000)

Ei tidleg Kvalshaug-bok, og den fyrste novellesamlinga hans. Dei tolv novellene er i slekt - mange personar dukkar opp fleire gonger, og det meste skjer i det same landskapet, ein stad ute på landsbygda.

Der er fellestrekk i novellene, og det vert det hinta om alt i tittelen på boka. Det handlar mykje om forhold som ikkje heilt fungerer. Perspektivet kan variera frå novelle til novelle, forteljaren kan godt vera ein mann som meiner at han har gjort sitt. For oss som les boka er det likevel slik at det som regel er mannen si skuld. Mennene i denne boka er flinke til å gå på jakt, dei veit mykje om bilar, og dei er glade i å drikka.

Kvalshaug skriv fine noveller i dag, og det gjorde han òg for tjue år sidan. Boka er ein fin inngang til resten av forfattarskapen hans.

Guffen tilrår.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Ingen landevei tilbake (1996)
Nesten som på film (1998)
Komme hjem og reparere hus (2005)
Den første av dine aller siste sjanser (2009)
Trampolineland (2012)
Alt på stell (2016)
Blodbøksommer (2017)


10. juli 2019

Flannery O'Connor: Wise Blood (1952)

Dette er den fyrste boka O'Connor gav ut, og det er den eine av dei to romanane ho skreiv. Ikkje uventa er religion eit sentralt tema i boka.

Hazel Motes kjem attende til heimstaden sin etter å ha vore med i andre verdskrigen. Han har ingen attlevande slektningar, og reiser til den nærmaste byen. Han har bestemt seg for at han ikkje er truande meir, og gjer eit nummer av det kvar gong han snakkar med nokon. Etter å ha høyrt ein profet snakka til publikum på eit gatehjørne finn han ut at han òg vil verta profet, og reknar seg som grunnleggjar av Church Without Christ. Det er ei relativt mislukka karriere. Den einaste som tek han på alvor er Enoch Emery, ein heller enkel gut.

Det er ei god bok. O'Connor er ikkje heilt på topp enno, men det glimtar til ofte, både i dei gode replikkane, dei absurde situasjonane, og i dei mange dyre-metaforane ho bruker for å skildra folk. Det er mykje å smila av, men er likevel ikkje noko direkte lystig bok. O'Connor var djupt religiøs sjølv, men i denne boka er ho tydeleg kritisk til mykje av det som vart presentert av små og store kyrkjesamfunn.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

8. juli 2019

Alf van der Hagen: Dialoger II (1996)

It does exactly what it says on the tin: Som i Dialoger set Alf van der Hagen seg ned med ein forfattar, og snakkar lenge med vedkomande om forfattarskapen sin. I denne boka er det åtte intervju. Tidvis er det bra, av og til vert det diverre altfor lite engasjerande.

Dei åtte er Paal-Helge Haugen, Hans Herbjørnsrud, Tone Hødnebø, Axel Jensen, Jan Kjærstad, Sigmund Mjelve, Tove Nilsen og Tor Ulven. Eg har ikkje lese spesielt mykje av nokon av dei, det einaste måtte vera at eg las litt av Ulven for lenge sidan. At eg ikkje er altfor godt kjend med forfattarskapane er nok ein grunn til at det ikkje vert så spanande. Men det må òg vera andre grunnar - intervjua med Haugen, Kjærstad og delar av Herbjørnsrud var interessante, sjølv om eg altså ikkje kjenner det dei har skrive altfor godt. Då kan det altså vera andre grunnar - kanskje får ikkje intervjuar og forfattar god nok kjemi, kanskje er ikkje spørsmåla og/eller svara gode nok.

Intervjuet med Ulven er bra. Det er eit vidgjete intervju, det var den einaste gongen han vart intervjua. Han svarar klokt og godt, både om eigne og andre bøker.

Guffen er lunken.

Meir van der Hagen på kulturguffebloggen
Dialoger (1993)
Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013)
Kjell Askildsen. Et liv (2014)