27. juni 2017

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)

Dei vidaregåande skulane på Voss vert slegne saman, og biblioteket på skulen til Marit skal kvitta seg med altfor mange bøker. Me var innom der sundag, og eg tok mellom anna med meg denne. Det var mest for å verta betre kjend med ein diktar eg ikkje har lese mykje av.

Eg vart vel meir kjend med Jacobsen, men ikkje så mykje med diktinga. Boka er ei samtalebok, og det er ei form eg likar godt. Vesaas intervjua Jacobsen for NRK eit par år før Jacobsen døydde, og boka har fire delar. Dei to fyrste handlar om oppvekst og det tidlege vaksenlivet, den tredje handlar om andre verdskrigen, og berre den fjerde handlar om diktinga hans.

At andre verdskrigen får så stort rom skuldast at Jacobsen etter krigen vart dømd for landssvik. Før krigen arbeidde han var ei arbeidarparti-avis, og då avisa fekk pålegg om å bruka heile fyrstesida på stoff diktert av dei tyske okkupantane, gjorde Jacobsen det utan å mukka. Akkurat der er Jacobsen på line med det eg finn andre stader, men han nektar blankt for å ha vore medlem i NS. Artikkelen i Norsk biografisk leksikon har til og med datoen han melde seg inn.

Dette burde ikkje vore det som dominerte ei slik bok. Diktinga hans må vera langt viktigare, slik at samtalane burde vore disponerte annleis. Det kan ikkje Vesaas åleine lastast for; Jacobsen er veldig interessert i å reinvaska seg for det han gjorde under krigen, og snakkar og snakkar om det. Samtalebøker har denne openberre svakheita. Dei som snakkar kjem med sine versjonar av det som har skjedd, og dei kan altså ikkje brukast som sikre kjelder.

Trass i desse innvendingane var det ei heilt grei bok. Innimellom vert teksten broten opp av Jacobsen-dikt, og kvar dag opnar og sluttar med Vesaas sine tankar om det som kjem/det som har kome.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar